
Vi tilbyr utarbeiding av reguleringsplanar med grundig vurdering av
arealbruk, miljø, infrastruktur og samfunnsmessige behov. Prosessen
startar med planinitiativ og tidleg dialog med kommunen, før vi utarbeider
planomtale og forslag til reguleringsplan. Vi følgjer opp med varsling til
naboar og relevante aktørar, og sørgjer for at alle merknader blir
handsama på ein ryddig måte.
Gjennom heile prosessen har vi tett dialog med oppdragsgjevar og
offentlege myndigheiter, frå planinitiativ til ferdig reguleringsplan, for å sikre
ein smidig og forsvarleg prosess som resulterer i ein gjennomførbar og
juridisk forsvarleg plan.
Kontakt oss for meir informasjon om korleis vi kan hjelpe med ditt prosjekt.