Vegar starta som lærling i 2007 og tok fagbrev i forskalingsfaget i 2010. I denne perioden jobba han med forskaling, armering og støyping av betongkonstruksjonar. Det var mest hus og hytter, men også kraftverk, alpinanlegg og større næringsbygg.
I 2010 starta Vegar på ingeniørhøgskulen i Ålesund (no NTNU) og fekk bachelorgrad der i 2013. På høgskulen gjekk han retning for veg og VA, og tok spesialiserande fag innan prosjektleiing.
Vegar sine primære kompetanseområder er prosjekt og byggeleiing, prosjekteringsleiing og utarbeiding av konkurransegrunnlag. Vegar jobbar også med kontraktsforståing, kalkulasjon, utomhus prosjektering (veg, VA og regulering) og som ansvarleg søkar.
Vegar vart tilsett i Statens Vegvesen i Ålesund frå nyttår i 2013, og jobba der parallelt med studiane fram til han gjekk inn i full stilling sommaren 2013.
Her var han tilsett som kontrollingeniør på fleire prosjekt.
Ombygging av gate i Ulsteinvik sentrum. Om lag 1 km med vegar og fortau, plasstøypt bru, VA anlegg og fjernvarmeanlegg.
Bygging av ny gang og sykkelveg langs eksisterande fylkesveg på Larsnes. Om lag 2,5 km ny gang og sykkelveg med komplett VA anlegg og gatelysanlegg.
Ny gang og sykkelveg på Torsethøgda i Hærøy. Bygd langs eksisterande fylkesveg. Om lag 3 km ny gang og sykkelveg og komplett VA anlegg. Utbetring og påbygging av eksisterande betongbru.
Bygging av ny rundkøyring på Garnes og ny bussterminal. Prosjektet hadde ein god del støytiltak på eksisterande bebyggelse. Noko nytt VA anlegg i prosjektet.
Oppgradering av dei to siste bitane med grusveg på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal. Samla om lag 15 kilometer med oppgradering. Dei gamle grusvegane vart djupstabilisert med lignin som vart fresa 30 cm ned i eksisterande massar før dei fekk nytt bærelag og asfalt.
Rehabilitering av større natursteinsmur. Eksisterande mur vart gradvis fjerna, og skråning sikra med sprøytebetong og sjølvborande stag før ein mura opp ny natursteinsmur. Det vart også teke ut ein del skjæringar for utbetring av vegen elles.
Bygging av ny busshaldeplass ved Mo og Jølster vgs. Her vart også E39 utbetra gjennom nokre knappe kurver som vart bredda og retta ut.
Siste delstrekning på utbetringa mellom Olden og Innvik på fv 60. Bygging av 1,2 km ny tunnel og 4,2 km ny veg i dagen. Prosjektet gjekk langs eksisterande veg som var open for trafikk, og det var særs krevjande forhold for trafikkavvikling og masselogistikk. Jobben omfatta også noko VA anlegg og bygging av naustområder.
Bygging av ny tunnel til Flo. Det omfattande rassikringsprosjektet til Flo vart gjennomført med ein ny T5,5 tunnel frå Veslebygda til Flo. Prosjektet vart gjennomført som ei totalentreprise. Vegar var byggeleiar fram til han starta som sjølvstendig næringsdrivande i 2020. Dette var om lag ved gjennomslag av tunnelen.
I 2020 starta Vegar som sjølvstendig næringsdrivande med prosjektleiing som hovudfokusområde.
Vegen gjekk no meir over frå dei store veganlegga og tilbake til eit meir bygg relatert prosjekt.
Hotel Union er eit av dei mest kjende hotella i landet og har historie tilbake til bygginga i 1891. I dette prosjektet vart det teke eit omfattande løft av anlegget. Her vart bygd til ein fløy på det gamle hotellet over tre etasjar, og hotellet vart også tilbygd ein bar med glassfasade og eit conservatory som ny spisesal. Vidare vart det også bygd ein låve som inneheld driftsfunksjonar og eit selskapslokale. Alle desse nye bygningsdelane vart knytt saman med ein kjellar som knytter alle bygga saman under bakken. Det vart også delvis bygd kjellar under det eksisterande hotellet.
Bak hotellet vart det bygd 5 hus i stilen til eit gammalt klyngetun. Desse bygga inneheld hotellrom. Eit omfattande hageanlegg vart opparbeida rundt heile anlegget med handmurte steingardar, låvetrapp og dam med fryseanlegg for skøytebane. Ein større rasvoll vart etablert som sikring mot Slogen, og inne i rasvollen vart det bygd ein garasje for utstilling av klassiske bilar.
Hotellet vart etter denne utbygginga gjeve medlemsskap i Relais&Chateaux som det første i norden, og står som noko av det ypparste innan high end hotell i verda.
Prosjekering og planlegging av nytt hotellanlegg i og rundt Grand Hotel på Hellesylt. Prosjektet vart stogga før nyttår 2023 grunna finansiering.
Eit prosjekt med særs høge miljøambisjonar vart utarbeida. Saman med Snøhetta og Skanska prosjekterte ein eit hotellanlegg som støtta krava til eit Powerhouse etter ParisProof modellen. Dette betyr at prosjektet i sin heilheit skal bidra til reduksjon av klimagassar i henhold til Parisavtalen. Særs få prosjekt i verda har til no klart å leve opp til denne standarden.
Prosjektet omfatta ei full rehabilitering av gamle Grand Hotel, rehabilitering av det gamle meieribygget på Hellesylt og to nybygg med hotellfunksjonar.
Vidareutvikling av Storfjord hotell på eksisterande arealer og regulering av nye areal for vidare utvikling.
Storfjord Hotel er av dei mest ettertrakta i landet, og ein ekspansjon er under planlegging. Her har ein prosjektert ei omfattande utbygging med nye driftsareal, nye bygg for hotellrom, restaurant, SPA og velkomstbygg.
Det er også ei omfattande regulering under arbeid.
Vegar er engasjert som teknisk prosjektleiar for byggherre. Prosjektet omfattar omregulering av freda bygg som i si tid var oppført av Geografisk oppmålingsinstitutt. Tomta er lokalisert mellom Slottet og SAS hotellet i Oslo, og ligg tett til slottsparken. Prosjektet er i prosess med å regulere om til hotell, og det planleggast med utbygging av kjellar under det eksisterande bygget.
Vegar er engasjert som plankonsulent for utarbeiding av ny reguleringsplan på Øye.
Hovudformål er utvidelse av hotellarealer, samt områder for bustadar og turveg. Planarbeidet er på planinitiativ nivå pr Q3 2023.
Vegar Sætren Bøe, tlf. 416 57 113 , epost: vegar@bmprosjekt.no
Tinggata 3, 6783 Stryn
Copyright © 2024 BM Prosjektledelse - Med enerett.
Vi bruker informasjonskapsler til å analysere nettstedstrafikk og til å optimalisere nettstedsopplevelsen din. Ved å godta vår bruk av informasjonskapsler, vil dataene dine bli samlet med alle andre brukerdata.