Prosjekt

Hotel Union Øye

Omfattande løft av anlegget

Hotel Union er eit av dei mest kjende hotella i landet og har historie tilbake til bygginga i 1891. I dette prosjektet vart det teke eit omfattande løft av anlegget. Det vart bygd ein fløy på det gamle hotellet over tre etasjar, og hotellet vart også tilbygd ein bar med glassfasade og eit conservatory som ny spisesal. Vidare vart det også bygd ein låve som inneheld driftsfunksjonar og eit selskapslokale. Alle desse nye bygningsdelane vart knytt saman med ein kjellar som knytter alle bygga saman under bakken. Det vart også delvis bygd kjellar under det eksisterande hotellet. 


Bak hotellet vart det bygd 5 hus i stilen til eit gammalt klyngetun. Desse bygga inneheld hotellrom. Eit omfattande hageanlegg vart opparbeida rundt heile anlegget med handmurte steingardar, låvetrapp og dam med fryseanlegg for skøytebane. Ein større rasvoll vart etablert som sikring mot Slogen, og inne i rasvollen vart det bygd ein garasje for utstilling av klassiske bilar. 

Hotellet vart etter denne utbygginga gjeve medlemsskap i Relais&Chateaux som det første i norden, og står som noko av det ypparste innan high end hotell i verda.