Landskapsarkitektur
Trygge og robuste
Vi tilbyr tenester innan landskapsarkitektur der vi kombinerer estetikk,
funksjonalitet og berekraftige løysingar. Målet vårt er å skape uteområde
som er estetiske, trygge og robuste – tilpassa naturgrunnlaget, brukarane og dei langsiktige behova på staden. Vi leverer alt frå skisser og konsept til detaljprosjektering og oppfølging i byggefasen.
Gjennom ei grundig og heilskapleg tilnærming vurderer vi terreng,
vegetasjon, overvasshandtering, materialbruk og universell utforming for
å sikre gode og framtidsretta løysingar. Vi jobbar tett saman med
oppdragsgjevar, ingeniørar og offentlege myndigheiter for å skape
prosjekt som både fungerer og forsterkar identiteten til området.
Vi kan bidra med:
Stadsanalyse og konseptutvikling
Utforming av uteområde, vegar, plassar og grøntstruktur
Planteplanar og val av vegetasjon
Handtering av overvatn og naturbaserte løysingar
Materialval og detaljprosjektering
Ta kontakt for ein prat om korleis vi kan hjelpe deg med ditt prosjekt.
Telefon: 90 13 34 02
E-post: post@bmprosjekt.no
