To kontor vegg i vegg med logoen BM prosjektledelse på døra. Her sit Anders Maurset, tidlegare kommuneingeniør i Stryn, og Vegar Sætren Bøe, tidlegare prosjektleiar i vegvesenet og fylkeskommunen.
Dei hadde begge drive for seg sjølv ei stund. No har dei slege seg saman i felles firma der dei tilbyr prosjektleiing. Planlegging og anbod, kontraktsskriving, gjennomføring og sluttprosedyrer.
– Det er veldig greitt å kunne stikke hovudet inn til den andre og diskutere ting. Og så er ein meir robuste om ein er to, enn om ein sit og styrer på for seg sjølv, seier dei.
Frå kommunale planar til Flo-tunell
– Kva slags prosjekt siktar de dykk inn på?
– Det er stor spennvidde, seier Vegar Sætren Bøe.
– Frå tunell til hotell!
Og det er faktisk å ta det på kornet. Saman har dei kompetanse på leiing og gjennomføring av prosjekt frå veg og tunell til bustadfelt, leilegheitsbygg og hotell, situasjonsplanar og reguleringsplanar.
Anders Maurset var i fleire år kommuneingeniør i Stryn kommune og arbeidde ved teknisk avdeling. Så var han ein periode i Haugen Maskin, før han starta for seg sjølv. Han har leia fleire store kommunale prosjekt, og er også no innleigd av kommunen til prosjektleiing.
Vegar Sætren Bøe var tidlegare tilsett i Statens vegvesen, og vart med over til fylkeskommunen ved omorganiseringa. Han har hatt leiaransvar både for siste del av Olden–Innvik og prosjektet med Flo- og Blaksettunnelane. Etter at han starta for seg sjølv har han m.a. vore prosjektleiar for byggherren i den store utbygginga på Hotel Union på Øye.
Har fagbakgrunn i botnen
Begge har yrkesfagleg bakgrunn i botnen.
Anders Maurset som maskinførar, Vegar Sætren Bøe i betongfag.
– Eg gjekk på anleggsmaskinførar på vidaregåande, var lærling, tok fagbrev som anleggs- maskinførar og jobba med det i sju-åtte år. Så gjekk eg vidare på Teknisk fagskule, med anlegg som hovudfag, fortel Anders Maurset.
Vegar har også fagbakgrunn.
– Men eg starta absolutt ikkje i riktig retning, ler han.
– Eg gjekk tre år på idrettslinja på vidaregåande, og brukte dei åra til å finne ut at dette ikkje var mi greie. Etter det gjekk eg rett ut i lære i betong og forskaling. Så tok eg alle faga som privatist, og tok fagbrev i det som då heitte forskalingssnikkar. Etter det vart det fire år med forskaling og betong før eg starta på Ingeninørhøgskulen i Ålesund.
– Er det ein fordel at de har fagbakgrunn når de sit og styrer prosjekt?
– Det skil oss nok frå mange andre som styrer med det same, dette at vi har vore ute i felten og arbeidd sjølve. Vi trur det styrkar oss ein del, det merkar vi når vi sit og diskuterer og planlegg. Vi har prøvd det. Vi kan sjå om det fungerer, om det er gjennomførbart i praksis.
Tøffare tider
– Det har vore tøffare tider i bygg og anlegg siste året. Er det spesielt viktig i slike tider å ha god prosjektleiing og god kontroll?
– Det er vel alltid viktig, men kanskje spesielt no. Det er stor auke i kapitalkostnad, og det rullar på seg, det er som snøballen. Det skal ikkje mykje til før det blir alt for stort til å handtere, så då er det nok mange som ser verdien av å ha med seg nokon som har kontroll, seier Anders Maurset.
– Og så er det mange som sit på gjerdet og ventar akkurat no. Prosjekt finst, men dei må setjast i gang. Så vi håpar det blir lysare tider utover året, for alle bransjar.
Anders Maurset og Vegar Sætren Bøe har starta eige firma der dei tek på seg prosjektleiing. Begge har lang røynsle frå prosjektleiing innan både bygg og anlegg. Å slå seg saman er ein styrke, seier dei.
Copyright © 2024 BM Prosjektledelse - Med enerett.
Vi bruker informasjonskapsler til å analysere nettstedstrafikk og til å optimalisere nettstedsopplevelsen din. Ved å godta vår bruk av informasjonskapsler, vil dataene dine bli samlet med alle andre brukerdata.