Anders Maurset starta som lærling i år 2000 som anleggsmaskinførar, tok fagbrev som anleggsmaskinførar i 2002 - og jobba med dette fram til 2006. I denne perioden var underteikna med på fleire prosjekt som gravemaskin-, lastebil-, traktor og hjullastersjåfør.
Eksempel på grunnarbeidsprosjekt er Bøabakken terrasseleilegheiter, Stryvo, Kirkeeide fellesfjøs, Bøanedsætra hyttefelt.
I 2007 starta Anders på Teknisk fagskule i Ålesund med anlegg som hovudfag. Ferdig uteksaminert i 2009, flytta tilbake til Stryn og tok til i stillinga som avd. ingeniør på drift av veg og park & grønt i Stryn kommune. I 2014 vart det ny stilling som avd.leiar kommunalteknikk (veg, vann, avløp, park & grønt).
Same året starta Anders i deltidstilling som brannkonstabel i Stryn brann og redning. I påfølgjande år vart det vidareutdanning til røykdykker og seinare til innsatsleiar/ befal. Anders jobbar fortsatt i brannvesenet og går dreiande vaktturnus som befal.
Som tilsett i Stryn kommune på avd. kommunalteknikk var ein med på mange prosjekt, her er nokon av dei:
2011- 2014. I forbindelse med ein større flaum på Blakset i Stryn vart oppgåva å koordinere, leige inn og planlegge for oppbygging av fleire kilometer med kommunale vegar og 2 større betongbruer. I den første tida gjekk mykje av tida med til å registrere skadane og informere og snakke med bebuerar som hadde mista store deler av eigendommane i form av skader på bygninger og areal som var vaska vekk. I neste fase var arbeidet med å planlegge og gjennomføre arbeidet for oppbygging av kommunale vegar, samt halde styr på det økonomiske.
I forbindelse med flaumen vart NVE engasjert til å flaumsikre og utvide elva Steindøla på Blakset, ca 1100 lengdemeter. Var då Stryn kommune sin byggeleder i dette prosjektet. Heile elveløpet var sprengt ned 5 til 9 meter over heile strekninga og nokre plasser vart det sikra med plastring og muring. Det vart etablert 3 nye bruer, 2 på kommunal veg og 1 på fylkesvegen. Mykje massehandtering i bratt terreng som blei behaldt i området rundt for å bygge oppigjen etter flaumskadane.
2017-2018. I forbindelse med flaum i Utvik vart det skade på fleire kilometer med kommunal veg som måtte byggast opp igjen. Arbeidet her var mykje likt som på Blakset då det var mykje like skader. Både Statens Vegvesen og NVE var med på planleggina av gjennombygginga då vegar og elvar krysa kvarandre.
2017-2018. Etablering av rasvoll i Gjølmunna i Loen, ca 500 meter lang og 18 meter høg og med massebasseng i botn. Var kommunen sin byggherrerepresentant då det var NVE som hadde regien på dette prosjektet. Rasvollen vart etablert for å sikre deler av Loen og hotel Alexandra mot snø og sørpeskred, Heile vollen vart etablert med masser som var på staden.
Prosjektleiar på rørfornying og styrt boring under Hjelledøla på Hjelle, ei strekning på ca 100 meter i luftlinje. Formålet var å samankopling av kommunalt og privat vassverk. Arealet ein hadde å jobbe på var svært begrensa då kun eit liten del av det var frigitt pga arkeologisk utgraving.
Prosjektleiar for sanering av overvann, vann og avløp, samt betongkonstruksjon og sprenging i bustadfelt i Stryn kommune. Dette skulle skje på same tid som fleire abbonentar var påkopla, og nedetida var begrensa. Arbeidet tok stad i private hager, gjennom kommual og private vegar.
I januar 2019 vart Anders medeigar og tilsett som driftsleiar i Haugen Maskin AS i Hornindal. Frå hausten 2021 var Anders også engasjert som prosjektleiar i Yri Sand AS i Loen.
Her er ein del prosjekt utført som prosjektleiar for Haugen Maskin AS og Yri Sand AS. I alle desse prosjekta har ein rekna anbuda og fulgt opp til ferdig overlevert prosjekt.
Flaumsikringsprosjekt utført som UE for NVE i Vikaelva i Hornindal. Arbeid som levering av masse og gravemaskinarbeid. Prosjektet styrt av NVE.
Prosjekt for Stryn kommune i Skarsmyra med utviding av ca 800 meter veg, 135 meter med ny veg, vann, avløp, overvann og straumforsyning, ca 150 meter overvasshandtering og ca 400 m2 med muring. Arbeidet pågikk på same tid som det var trafikk, som resulterte i ein del nattarbeid.
Prosjekt for Aurland kommune med omlegging av ca 70 meter med veg, ny VA-kummer og gatelys. Etablering av kantstein, murer og oppmerking av areal.
Prosjekt for Sel kommune og NVE med å flytte ca 35 000m3 med flaummasse frå Uldalen, samt å arrondere og ruste opp flaumområdet etterpå.
Opparbeiding, grunnarbeid for 2 stk. 2-mannsboliger i Hogaåsen på Eid. Utgraving og koordinering av prosjekt.
Grunnarbeid påbygg industribygg for Innvik AS ca 1200m2. Etablering av nytt VA, HS og biorør. Mange fag og kompleks bygg i grunn.
Grunnarbeid påbygg for Hagen trappefabrikk, ca 1000m2. Sprenging, massehandtering og etablering av byggegrop. Fleire fag involvert.
Våren 2023 starta Anders opp for seg sjølv som prosjekt-/ byggeleder, og har kontor i Næringshagen i Stryn.
2023 – d.d. Byggeleder og K.U for Stryn kommune. Samarbeidsprosjekt mellom Stryn kommune og Vestland fylkeskommune på bygging av ca 1 km gang & sykkelsveg, ca 1 km tilkomstveg og ca 700 m veg i nytt bustadfelt i Loen/ Solvik inkl. komplett VA-anlegg. Klargjering av 22 einebustadtomter samt areal for fortetta bustader. Anbud på 82 mill. eks.mva.
Koordinator for utbyggingsprosjekt på Tenden i Stryn. Opparbeiding av gang & sykkelveg, fleirmannsbustad og tilhøyrande areal.
Anders Maurset, tlf. 90 13 34 02, epost: anders@bmprosjekt.no
Tinggata 3, 6783 Stryn
Copyright © 2024 BM Prosjektledelse - Med enerett.
Vi bruker informasjonskapsler til å analysere nettstedstrafikk og til å optimalisere nettstedsopplevelsen din. Ved å godta vår bruk av informasjonskapsler, vil dataene dine bli samlet med alle andre brukerdata.